NÆRLEIK GJEV FRIDOM

Du har berre ein kort spasertur til lege, butikkar, vinmonopol, matserveringsstader, barnehage og barneskule. Norheimsund er eit trafikknutepunkt, med båtruter mot Utne og Eidfjord, pluss bussruter mot Bergen, Voss og Kvinnherad. Norheimsund ligg 74 km frå Bergen via Fylkesveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden.
180131_View_02
76,1 km
FLYPLASS
ikon-parkering
300 m
BUSS
ikon-bryggeanlegg
400 m
APOTEK
ikon-badestrand
500 m
VINMONOPOL
ikon-kulturliv

KVEN ER VAKRAST I LANDET?

Hardanger Brygge kan utan tvil by på ei av dei flottaste plasseringane i landet. Du har berre nokre meter med gange frå bustaden din til du kan spegla deg i det vakre sundet mellom Hardangerfjorden og Movatnet. Sit du på balkongen og speidar utover Norheimsund, så er det einaste som skil deg frå vasskanten og nydeleg utsikt mot sjø og fjell ein strandpromenade. Samtidig bur du midt i Norheimsund sentrum, med dei fleste fasilitetar i direkte nærleik. Dette skal vera bustader for hardingar i alle livsfasar. Tettstaden Norheimsund blomstrar, men slike moglegheiter veks ikkje på tre.

TRIVST DU BEST I OPNE LANDSKAP?

Arkitekt Alice Bigom i ABO Plan & Arkitektur har bygd utforminga av bygget på den fantastiske plasseringa og den opne utsikten mot hardangerlandskapet. «Det har vi selvsagt utnyttet maksimalt. Hardanger Brygge er utformet slik at det gir alle boligene best mulig lysforhold og utsikt med karnapper på begge langsider og inntrukne gavler på øverste etasje. Dette gir bebyggelsen en leken og oppløst form som vil oppleves forskjellig fra ulikt hold». Bustadane ligg vendt mot aust. Den største takterrassen er på over 70kvm. Elles er balkongane og terrassane mellom 7-34 kvm.

KYSTARKITEKTUR

Arkitekt Bigom fortel at materialvalet med innslag av tre og gråstein spelar på kystarkitektur. Det er skapt harmoniske samansetningar. Den trebrune fargen vert drege med i ein kombinasjon av kvite og gylne fasadeplater med innslag av trekledning i rekkverket. Terrassane er bygd opp med gråstein, som vert teke igjen i ein høgare mur langs gangvegen. Altanane vil få glasrekkverk med lakkerte profilar.

NYE TONAR FRÅ HARDANGER

Norheimsund er kjend for eit yrande bygdeliv kombinert med nytenking. Resultatet er ei spennande stadsutvikling. Dette er handelssenteret i ytre Hardanger. Me kan by på eit tett og triveleg sentrum, der hardangertradisjonane med handel, godt handverk og eit levande kulturliv er haldne i hevd. Du finn ingen store kjøpesenter her. Derimot finn du rundt 50 butikkar med sjel, dei fleste i handlegata Grova. Er du oppteken av kulturelt påfyll i kvardagen vil du nyta godt av at eit større kulturhus for regionen, Hardinghuset, skal byggast i Norheimsund. Kvam herad fekk i år 2000 tettstadsprisen for sitt arbeid med sjøsida i Norheimsund. I 2013 opna siste del av promenaden langs fjorden gjennom sentrum. Same året fekk Norheimsund Staten sin pris for attraktiv stad.